av Tove Bull

Verken nordlendingen eller dialekten hennes kan forståast uavhengig av det forholdet ho har til folk frå andre kantar av landet og dialektane deira. Både identiteten og dialekten vår er konstruksjonar som har oppstått i ei bestemt tid og under bestemte historiske vilkår, meir eller mindre i direkte forhold til – og ofte i opposisjon til – folk utanfrå og deira språklege uttrykk. Det sterkaste opposisjonsforholdet har vore mellom oss og ”søringan”, og dermed mellom nordnorsk og sørnorsk. Søring-kategorien er diffus; ein søring kan vere kven som helst frå sør for grensa til Nord-Trøndelag, men òg meir avgrensa til ein som snakkar ein slags standard norsk med søraustnorsk tonefall. Di meir ein søring høyrest ut som om ho eller han kjem frå Oslo vest, di meir søring er vedkommande. Slik sett kan også vi vere meir eller mindre nordlending, eller nording, som eg skulle ønskje vi hadde kalla oss?
Asymmetriske relasjonar mellom grupper blir konstruerte på grunnlag av førestillingar om sosiale hierarki. Det handlar om “vi” og “dei andre”, og det handlar om makt. Men sosiale hierarki endrar seg over tid. Det gjeld òg innbyrdes rangering av norske dialektar, og for den del av nordnorsk i relasjon til samisk eller kvensk. Da eg voks opp, rangerte nordnorsk
definitivt lågt i det norskspråklege statushierarkiet, men høgare enn samisk og kvensk. Eg høyrer til mellom dei som på 1960-talet blei avvist på hybelmarknaden i Oslo fordi eg snakka nordnorsk. Det var ikkje særleg kjekt! Men mine og min generasjons erfaringar er ikkje nødvendigvis representative for yngre generasjonar. Til alle tider lever det tre til fire generasjonar språkbrukarar samstundes; dei er blitt forma under ulike vilkår.
Ikkje alle generasjonar nolevande nordlendingar er blitt møtte med dei same negative holdningane til språket sitt som vi som voks opp på 1950- og 60-talet. Noko endra seg på 1970-talet. Så når Harald Eia no driv på og seier ”Kari Bremnes” på utallege kvasi-nordnorske måtar, er det berre kult! Tidlegare fekk vi internalisert ei språkleg skamkjensle, som sikkert mange eldre framleis slit med. Eg innbiller meg iallfall at barn som no veks opp med nordnorsk morsmål, slepp unna det språklege åket som mange i tidlegare generasjonar måtte dragast med.
Men dette betyr ikkje at norske dialektar er jamnbyrdige sosialt. Maktspråk finst framleis. Det betyr vidare at ein enno kan vere språkleg avmektig. ”Å snakke fint” er framleis noko sjølv små barn har begrep om. Det inneber å leggje om språket til ei form for standarduttale, å seie ”jei” og ”ikke”, og bøye substantiv og verb etter skriftspråksreglar. Slikt kan vi framleis høyre.
Trass i at nordnorske dialektar tradisjonelt har rangert lågt i det norske språkhierarkiet, har ikkje det ført til at vi alle har gått over til å snakke ”søring”. Dialektane er framleis i levande bruk; dei endrar seg rett nok over tid, slik språk alltid endrar seg. Ein viktig grunn til at norske dialektar heilt generelt står sterkt, jamført med dialektane i grannelanda våre, er dei sanksjonane som har blitt sette inn mot knot. Knot er eit særnorsk begrep; nåde den som kom heim frå Oslo og knota søring! Å gjere det er neppe særleg populært i dag heller. I ungdomstida mi fortalde vi vondskapsfullt om stakkaren frå Havøysund som hadde fått brev frå mor si på Rikshospitalet i Oslo, og derfor slo om til søring.
Nordnorsk har opplagt høgare sosial prestisje no enn for 30-40 år sidan. Samstundes kan det sjå ut som om det går føre seg i form for utjamning av interne nord-norske språkforskjellar, kanskje ei form for regionalisering. Markante og sjeldne språklege særtrekk forsvinn; høgfrekvente former som blir brukte av svært mange, breier seg utover. Nordlendingane snakkar altså meir likt kvarandre no enn for 50 år sidan. Ein del språkendringar som kan observerast, har vi dessutan felles med resten av landet.
Også i nordnorske byar og tettstader kan vi høyre eit fenomen som er rapportert i norsk sidan 1980-åra, nemleg at sj- og kj-lydane fell saman. No seier mange nordnorske ungdommar ”sjole”, ”sjøkken” og ”sjino” for ”kjole”, ”kjøkken” og ”kino”. Jamvel om mange jamrar over slikt, er nok dette ei endring som er kommen for å bli. Om det er til trøyst, så vil det truleg ta eit par hundre år før endringa vil vere fullstendig gjennomført i norsk.
Dersom den aksen teksten har rørt seg langs, ikkje hadde vore nord-sør-aksen, men interne aksar i landsdelen, med utgangspunkt i forholdet mellom nordnorsk på den eine sida og samisk og kvensk på den andre, ville forteljinga blitt ei heilt anna. Nordnorsk hadde vore å finne på ein heilt annan stad i hierarkiet, ein stad som har generert og framleis genererer både ubehagelege og pinlege språklege maktovergrep. Så om denne forteljinga har nokon moral, må det vere at vi trass alt skal vere glade for at vi innanfor den norskspråklege samanhengen ikkje har den lagnaden at vi er fødde og oppvaksne med ein nasjonal maktdialekt som morsmål. Den maktposisjonen har vore misbrukt gjennom generasjonar, og kan lett framleis misbrukast.